Vi tilbyr eit breitt utval av blomsterdekor og arrangement til bryllaup. Vi vil gjere dagen din litt lettare. Du skal få sleppe å stresse med detaljar og heller nyte alt det fine. Blomane tek vi oss av, så du kan fokusere på å feire.
Nedanfor finn du ei oversikt over dei vanlegaste blomsterprodukta vi tilbyr til bryllaup, med prisar.
Vi brukar først og fremst eigne, sjølvdyrka blomar, det er hjartet i arbeidet vårt. Men om du har spesielle ønskje, eller om bryllaupet ditt er utanom blomstersesongen, kan vi supplere med innkjøpte blomar. Målet er alltid å finne gode, vakre løysingar som passar både deg og årstida.
Vi jobbar så langt det går med blomane som høyrer til årstida. Det betyr at utvalet kan variere litt frå månad til månad. Her er ei oversikt over kva som vanlegvis er i sesong:
Mai – Juni
Ranunklar, anemonar, prestekragar, levkøy, matrem, pinseliljer, tulipanar, stemorsblomar, peonar, kornblomar, lammeøre, erteblomster, ryllik, lupinar og meir
Juli – August
Løvemunn, kornblomar, ridderspore, busknellik, ranunklar, anemonar, sinnia, geitrams, rudbeckia, fleire andre sommarblomar i alle fargar
August – September
Dahlia, solsikker, rudbeckia, solidago, busknellik, cosmos, sinnia, Echinacea, Phlox og enda fleire
(Tidleg) Oktober
Dahlia, solsikker, sedum, georginer, haustasters, løvemunn, solidago, bærgreiner, tørkeblomar
Oktober – Mai
Tørkeblomar, greiner og innkjøpte blomar
Om du ønskjer meir informasjon eller skreddarsydde løysingar, er det berre å ta kontakt!
Det er inga grense for kva vi kan skape saman. Har du spesielle ynskje, som personlege kyrkjearrangement eller unike utemiljø, tek vi gjerne ein prat. Blomar kan plasserast nesten kvar som helst, på tre, stativ eller akkurat der fantasien tek oss.
Uansett om feiringa skjer ute eller inne, er vi her for å hjelpe med å skape ei stemning som kjennest ekte og personleg. Del dine tankar og draumar, så jobbar vi saman for å gjere dei verkelege med omtanke, kreativitet og auge for detaljar.
Du kan gjerne ta en titt på bildene våre på sosiale medier for å hente inspirasjon. Der kan du også få ein idé om kva blomar som blomstrar i dei ulike årstidene.
Vi gler oss til å vere med og gjere dagen din så vakker som mogleg 😊