Kaltegarden er ein familiegard med blomar og grønsaker, midt i det vakre fjordlandskapet i Norddal.
Garden var prestegard før i tida og no er det Nils og Christin som tek vare på jorda med kjærleik, respekt og mykje handkraft.
Hagen blir driven etter regenerative prinsipp, med stort sett økologiske frø, utan sprøytemiddel og utan store maskiner.
Handreiskap og markedshage metodar blir brukt, og uoppvarma drivhus gjer det mogleg å forlenge sesongen. Blomane veks frå Mai og langt utover hausten.
Berekraft står i sentrum. Blomane gir mat til bier og andre insekt, og kompost og naturgjødsel frå eigne dyr blir brukte for å byggje opp god jord. Jorda blir ikkje pløgd, men bygd opp over tid.
Rundt 100 ulike blomstersortar veks på garden, og alt arbeid blir gjort for hand, av Nils og Christin.
Eit ekte og levande alternativ til masseproduserte blomar, handplukka kortreiste og lokalproduserte, i takt med årstidene. Frå ville vårblomar, til fargerik sommar og haust, og tørka blomar til vinteren.
Ta kontakt ved behov for blomar til bryllaup, selskap, restaurant eller andre spesielle høve i Møre og Romsdal.